Gardsovernatting på Nigard Kvarberg

 

Velkomen til historiske Nigard Kvarberg. Fjellgarden der sjølv husvera er eventyrlege.

Levande kulturlandskap og storslått Jotunheimen utanfor dørstokken. 50 tømmerhus i to imponerande tun. Sølvskatten det har gått gjetord om i hundrevis av år. Velkomen til Nigard Kvarberg - eit ekte ferieeventyr i fjellheimen.

KK Skisse.jpg
 

Storgarden Kvarberg er eit eventyr lenge før du trør inn på tunet. Som ein liten landsby ligg dei to nabogardane der med eit 40-tal tømmerhus tett i tett bak den karakteristiske porten med dei kvitmåla utskjæringane. Enno meir fantastisk er sølvskatten frå Kvarberg - som i dag er å finne på Maihaugen og i form av ei rekkje smykkereplikaer hos gullsmeder landet rundt. Velkomen som nabo til ei lys levande gardshistorie i stadig utvikling!

NORGESTOPPEN: Det vakre kulturlandskapet i Nordherad er så unikt at det har sin eigen post på statsbudsjettet - og er eit herleg nabolag å oppdage for deg som vakner i Øverstuggu på Nigard Kvarberg (huset nærast fotografen). Foto: Håkon Noren

NORGESTOPPEN: Det vakre kulturlandskapet i Nordherad er så unikt at det har sin eigen post på statsbudsjettet - og er eit herleg nabolag å oppdage for deg som vakner i Øverstuggu på Nigard Kvarberg (huset nærast fotografen). Foto: Håkon Noren


Fasiliteter

Øverstuggu på Nigard Kvarberg ligg idyllisk og naturskjønt til som autentisk og integrert del av det historiske gardstunet på Kvarberg. Sjølve huset vart tømra tidleg på 1800-talet, og Øverstuggu var ei av kring 50 bygg som utgjorde dei to tuna på Kvarberg. I dag står storstuggu i fyrste etasje slik ho har gjort sidan huset vart bygd medan andre etasje er renovert med tre moderne soverom, to bad og fullt utrusta kjøken. Velkomen til gards!

Stue+1.jpg

Stue, bad og kjøkken

Fullt utrusta kjøkken, to renoverte bad med dusj, og triveleg stue er fellesromma i Øverstuggu. Boarealet er 120 kvadratmeter. I tillegg er Storstuggu i første etasje mogleg å leige.

Soverom 1.jpg

Soverom

Øverstuggu på Kvarberg har tre renoverte soverom med totalt fem senger og god standard. I tillegg kjem sovesofa på stua med ytterlegare to sengeplassar.

Festmiddag%2BValbj%25C3%25B8r%2B2.jpg

Storstuggu - for festlege lag

Historiske og svært stemningsfulle Storstuggu på Kvarberg rommer inntil 35 personar. Ein enorm klebersteinspeis og fullt utrusta storkjøken inngår i lokalet.

 

Prisar og leigevilkår

Øverstuggu blir leigd ut for minimum to døgn og minimum til 2 personar (800 kr per pers per natt = 1600 per natt for to personar)

Leige ut over dette er ytterlegare 500 kr per person - inntil seks personar.

Øverstuggu blir kun leigd ut til ein leigetakar om gongen. Det vil seie at om du leiger eitt rom så disponerar du heile huset uansett kor mange sengar du leiger. 

Inkludert i leiga: 

  • Sengeklede

  • Sjølvhushald

  • Breiband

  • Utvask

Utleige elsykkel, kano, robåt og motorbåt

Viltre Vågå er ei bygd som innbyr til eventyr til lands, vanns og i lufta med. Vaknar du nyfiken og opplada på Nigard Kvarberg, så leiger vi deg gjerne utstyret du treng for å dra på oppdagingsferd:

Elektrisk stisykkel frå Bike & Hike Jotunheimen:

Kajakk eller kano:

Robåt:

Motorbåt på tilhenger:

500 kr/døgn

400 kr/døgn

400 kr/døgn

800 kr/døgn


Nabolaget og fjellbygda

 
Kvarberg4.jpg

Kulturkrybba Nordherad

I solrenninga høgt over irrgrøne Vågåvatnet finn du smellvakre Nordherad i eit kulturlandskap så unikt at det er verna og støtta økonomisk av staten. Kvart eit hus i denne grenda har utsikt innover Jotunheimen. I Norherad, som i alle dei andre grendane i Vågå, finn du fantastisk terreng for fotturar, stisykling, bærplukking, fjellvandring og jakt. Og eit yrande dyreliv med både husdyr og vilt.

Print Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-3.jpg

Sjarmerande bygdesenter

Rett ned i dalen frå Uppigard Kvarberg finn du det sprell levande bygdesenteret Vågåmo med innbydande kafear og serveringsstadar, sjarmerande nisjebutikkar med klede, sko, blomar, interiør og fjellutstyr med både kvalitet og særpreg, kolonial med lokalmat og stuttreist brygg, samt kjøtforretninga med best utval av vilt i landet. Og enno har vi ikkje nemd Vågåvatnet - irrgrønt, fiskerikt og smellvakkert der det ligg kransa av kvittoppa Jotunheim, Breheim og Reinheimen.

Web Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-1 (2).jpg

Fjellbygda Vågå

I Vågå vassar du i natur, kultur og opplevingar frå aller øvste fjellhylle. Her bur du midt i matfatet og vaknar midt i kulturskatten, omgitt av lys levande tradisjonskultur innanfor handverk, musikk, dans. Ynskjer du å oppleve eit ekte fjelleventyr? Velkomen til Vågå, bygda med flest verna tømmerhus og praktgardar i landet. Herlegheita er ramma inn av ein fjellheim du lenge har drømt om. Jotunheimen, Rondane og Dovrfjell er dei mest vidgjetne - og vilt mange naturperlar finn du der i mellom.

Aktivitetar

Mange av dei aller fremste attraksjonane i Fjell-Noreg finn du i nærleiken av Kvarberg. Klikk på bileta for karusellvising!

Attraksjonar

Fjelleventyr til lands, vanns og i lufta med - klikk på bileta for karusselvising av nokre av dei spenstige aktivitetene kring Kvarberg.


Attraksjonar

Då National Geographic skulle kåre verdas 20 beste fjellturar plasserte dei Besseggen på toppen. Med 70.000 fjellvandrarar årleg er verdsattraksjonen magneten som gjer at mange oppdagar mange av Jotunheimen sine andre kvalitetar – med nye tilbod og aktivitetar som skyt opp kvar sesong. Mange reisande valfartar til Vågå for å oppleve matmekkaet Brimiland, raftingeldoradoet Sjoa, dei fem unike nasjonalparkane – og vinterstid både storslått vinterland akrobatikken til nokre av verdas beste (og blidaste!) skiartistar i skavlane på supertrivelege Lemonsjøen alpinanlegg.

Kvarberg4.jpg

Besseggen og Jotunheimen

“Har du sett den Gjendin-eggen noen gang? Den er halve milen lang…” Besseggen er av dei mest kjende fjellturane i Nord-Europa, og Jotunheimen det mest populære fjellområdet. Vaknar du på Kvarberg ser du rett inn i herlegheita, og når både Besseggen, Glittertind, Galdhøpiggen, Valdresflya og Sognefjellet på dagasturar. Snakk om å velge frå øvste fjellhylle!

Print Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-3.jpg

Brød og sirkus

Over Vågå si nabobygd Lom heng lifleg duft av fersk gjærbakst frå steinovn året rundt. På sumarstid forvandlar Bakeriet i Lom nabobygda til eit kaotisk sirkus, men bur du på Kvarbergåsen har du heile året tilgang til godbitane ein vakker køyretur frå gardstunet. PS: Kvar laurdag ferskvare frå same bakeri på sjarmerande Lugumstugu - to kilometer frå dørstokken. 

_MG_0879_korr_web.jpg

Brimiland med Vianvang

Brimiland er eit land som ikkje er teikna inn på vanlege kart, ikkje i atlas eller på globusar. Men landet finst – mellom fjellbygdene Vågå og Lom i Gudbrandsdalen. Høgt og fritt i sjølvaste Jotunheimen. Frå Arne Brimis Vianvang og frå Steinbua øvst i Brimiland, frå der ser ein i synsranda Rondane. Ta turen, så slepp du å draume deg burt!

Kvarberg4.jpg

Skieldoradoet Lemonsjøen

Ein liten halvtime frå Kvarberg ligg Lemonsjøen - leikelandet ved porten til Jotunheimen. Her finn du eit unikt løypenett med skispor heilt inn i hjarta av Jotunheimen. På Lemonsjøen finn du og idylliske Kalven Seter med baristabudeie, cappuccino og seterspa. Sjølve hjarta på Lemonsjøen er likevel alpinsenteret - vidgjetent for sin unike stemning, inkluderande miljø, og terrenget som har fostra nokre av verdas råaste frikøyrarar på ski. Må opplevast!

rafting.jpg

Raftingmekkaet Heidalen

Frå mai til oktober myldrar eventyrbygda Heidal og den sagnomsuste fjellelva Sjoa av glade elvefolk som er på rafting, padlar kajakk eller svøm ned Sjoa på elvebrett. Sjoa er kjent som ei av dei beste og mest populære raftingelvane i verda - og byr på utfordringar og opplevingar for ulik nivå, inkludert familierafting, juving, elvebrett, rappellering, klatring og mange andre spanande aktiviteter i, under og over kvitskummande fjellvatn.  

Gald.jpg

Galdhøpiggen - toppen av Noreg

Galdhøpiggen er Noreg og Nord-Europa sitt høgaste fjell. Det vidgjetne fjellet ligg 2469 meter over havet, og er av dei mest populære fjellturane i landet. Samstundes er sjølve turen slett ikkje av dei mest krevjande, og lar seg fint gå med spreke ungar. Galdhøpiggen er eit nasjonalsymbol midt i hjartet av Noreg, og ligg i svært alpint landskap i Jotunheimen. Det er mogleg å gå til Galdhøpiggen både til fots om sommaren og med ski om vinteren.  

Vegen til gards

Nigard Kvarberg

Øvre Nordheradsvegen 265

2680 Vågå

Noreg

E-post: ola@kvarberg.no

Telefon: 91 777 155

 
 

Bestille overnatting på Kvarberg

Ynskjer du å overnatte tre netter eller meir i Øverstuggu på historiske Nigard Kvarberg? Då gjer du lurt i å sende husvert og bonde Ola Kvarberg ein e-post ved hjelp av skjemaet til høgre - eller kontakte han på telefon 91 777 155

Velkomen til gards!

Namn *
Namn