Bli nabo med Jotunheimen

Eventyrlege Kvarbergåsen

Kvarbergsåsen_vinter_05.jpg
 

Tomtene

I fyrste byggetrinn er 19 boligtomter med særs god plassering i terrenget ledige for sal. Her får du sjeldant god utsikt utover dal og høgfjell - og eventyrleg natur og turmoglegheiter heilt inn på dørhella.

På Kvarbergåsen har du Jotunheimen som nabo og eit sjarmerande og lys levande bygdesentrum i gåavstand. Tomtene på Kvarbergåsen har areal frå 772 kvm til 1703 kvm. Dei fleste tomtene er omgitt av friareal og LNF-areal som gir god føling av rom, privatliv og nærleik til kulturlandskapet. Tomteområdet er variert med ulike kvaliteter på tomtene, mellom anna med tanke på sol og utsikt. Tomtene er sjølveige og blir tinglyst med eige gards- og bruksnummer.

 

Prisar

Tomtepris varierar etter storleik og plassering. Prisantydning er frå 390 000,- til kring 500 000,-. Ta kontakt viss du ønskjer å få tilsendt fullstendig prisliste. 

 

Kvarbergsåsen_vinter_07.jpg
 

Infrastruktur

Ikoner-01.png

Vatn og avløp

Tomtene på Kvarbergåsen er kobla til privat anlegg for vatn og avløp. Prisane skal liggje 15% under dei kommunale avgiftene i Vågå kommune.

Ikoner-02.png

Elektrisitet og breiband

Tomt blir levert med stikkledning (straum) inn til tomtegrensa. Fiber for breiband er lagt inn til tomtegrensa.

Ikoner-03.png

Veg

Frå Øvre Nordheradsveg (kommunal veg) fram til tomtegrensa blir det opparbeida grusa tilkomstveg. Grunneigar står for vedlikehald og vinterbrøyting av felles vegareal til velforeining for Kvarbergåsen er etablert.

Ikoner-04.png

Velforeining

Det vil bli skipa velforeining for tomtefeltet. Tomtekjøpar er forplikta til å vere medlem. Velforeining vil administrere felles fasiliteter som vegar, leikeplassar med meir. 

 

Glad i natur og lei av trengsel?

Frukost med utsikt og innsikt

Innan ein radius på tre kilometer frå kjøkenbordet på Kvarbergåsen finn du arbeidsplass, barnehagar, skular, fritidstilbod, butikkar og storstlått natur nok til å fylle kvardagen med kvalitet. Her er det gode liv ferdig servert - resten er opp til deg!

Kvarbergsaasen_interior_01.jpg
 

Byggeskikk

Innanfor visse rammar står du på Kvarbergåsen veldig fritt til å velje utforming på eigen bustad. Her er dei fire viktigaste reguleringane du som byggherre må ta høgde for. 

Ikoner-04.png

Frittliggande bustader

Området skal nyttast til einebustad med tilhøyrande garasje/uthus. Einebustad kan bli reist med to etasjar og eventuelt sokkel der terrenget tillet dette. Gesimshøgde skal ikkje overstige 7 meter, og mønehøgde skal ikkje overstige 9 meter. 

Ikoner-05.png

Tradisjonell byggeskikk

Tak skal utførast som saltak eller pulttak med takvinkel mellom 22 og 40 gradar. 

Ikoner-06.png

Lite tun?

Tomta skal i tillegg til ein biloppstillingsplass i garasje/uthus, ha plass for to bilar på eigen grunn. Garasjen kan byggast i nabogrense og eventuelt saman med naboen sin garasje. Utleigedel skal ha oppstillingsplass for ein bil.

Ikoner-08.png

God plass

Bebygd areal (BYA) må ikkje overstige 25 prosent av tomtearealet.

 

Kva er draumen din?

Her er parken vår

Eg ser deg, og kan deg ikkje gløyme
Du leikar i tanken hjå meg
Når soli bak åsen seg gøymer,
og sender sitt ljos i gullflaum,
då lengtande på deg eg tenkjer.

"Kom heller på fjellet", Odd Nordstoga

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-2.jpg
 

Det gode liv innan rekkevidde

Innan ein radius på to kilometer frå dørstokken på Kvarbergåsen ligg jobb, skular, barnehagar, butikkar og fritidsaktiviteter tett som hagl i eit intimt og levande sentrum som attpåtil ser ut som Skomakergata. Du kan gå, sykle eller ake frå heime - anten du skal ned i sentrum, ut i skogen eller opp i snaufjellet. Og når du set deg i bilen er reisa eit frikvarter i spenstig natur, ikkje ein frustrerande tidstjuv morgon og kveld. Berre kom og sjå!

  Nærområdet på Kvarbergåsen. Foto: Ola Kvarberg

Nærområdet på Kvarbergåsen. Foto: Ola Kvarberg

Frå dørhella på Kvarbergåsen

Trolsk furuskog med turstig til fjells og ned til sentrum. Unikt levande kulturlandskap med 40 kilometer merka vandrestiar, historiske fjellgardar, småviltjakt, bærplukking, skiløype, panoramautsikt mot Jotunheimen - og framfor alt gode og aktive naboar.

  Vågåmo sentrum. Foto: Roar Strand

Vågåmo sentrum. Foto: Roar Strand

klokke_5 minutter.png

5 minutt

Vågåmo sentrum med skular, barnehage, stavkyrkje, busstasjon, kaféar og matservering, daglegvare, kolonial og ei mengd nisjebutikkar, kjøttforretning, idrettshall, idrettsarena, svømmehall, idrettshall, bowling, klatrevegg og buldrerom, kulturhus, kino, skate- og sykkelparken, aktivitetspark, offentlege tjenester, fiskevatn og turstiger. Snaufjell, unikt kulturlandskap og smellvakre Vågåvatnet ligg og ein svipptur heimefrå.

  Skiløyper på Lemonsjøen. Foto: Roar Strand

Skiløyper på Lemonsjøen. Foto: Roar Strand

Eitt kvarter

Langrennsløyper og ljosløyper, motocrossbane, utandørsklatring, tennisbane, skytebane, luftsportsenter, og høgfjell med jakt, fiske og bærplukking.

  Hemmeleg perle. Foto: Roar Strand

Hemmeleg perle. Foto: Roar Strand

Halvtimen

Supertrivelege Lemonsjøen Alpinanlegg med sitt unike skimiljø og espressobar på Kalven Seter, den hemmelege perla Finndalen, rikskjente Bakeriet i Lom, togstasjon og kjedebutikkar i handelssenteret Otta, tre vidaregåande skular, kjendisrestauranten Vianvang, magiske Jettfjell og panoramautsikta til mykje meir enn sju blåner frå Blåhø. 

  Sjodalen, utsikt mot Valdresflya. Foto: Ola Kvarberg

Sjodalen, utsikt mot Valdresflya. Foto: Ola Kvarberg

Ein time

Sjodalen, Besseggen, Galdhøpiggen, Valdresflya, Sognefjellet, Rondane, Jotunheimen, Dovrefjell, Reinheimen, Breheimen, Vinstra

 

Det beste med fjellbygda?

Kvalitetstida

Kvarbergsåsen_vinter_06.jpg
 

Du har draumen - vi bygger huset

På Kvarbergåsen sel vi boligtomter - og let det vere opp til deg korleis du vil realisere husdraumen. Bygg gjerne sjølv, treng du hjelp har Vågå ei mengd framifrå handverkarar som arbeider hardt, samvitsfullt og leverer med høg kvalitet. Her treff du nokre av dei.

 
  Foto: Cathrine Dokken

Foto: Cathrine Dokken

Skogen entreprenør

Lokale Skogen Entreprenør kjenner Kvarbergåsen som si eiga bukselomme, og hjelp deg gjerne med både prisoverslag og opparbeiding av tomt. Her er tomta de i trygge hender!

  Illustrasjon: RAM arkitekter/Massivhytta

Illustrasjon: RAM arkitekter/Massivhytta

  Foto: Boligpartner

Foto: Boligpartner

Boligpartner

Nasjonal husprodusent med breitt utval i arkitekttekna ferdighus. Spanande liner med form og luft, eller koseleg og romantisk stil? Boligpartnar har utvalet og let deg velje både ferdighus og personlege løysingar innvendig.

  Foto: Trehuseksperten

Foto: Trehuseksperten

Brun Bygg

Brun Bygg er fagfolk til fingerspissane og gir gjerne hjelpe deg å realisere drømmehuset. Vi gir tilbod både på delenterprise og totalentreprise på heile huset levert nøkkelferdig - i fall du sjølv har hendene fulle med flyttelasset. 

Trehuseksperten

I den unike kulturgrenda Nordherad ligg eit høgt tal freda hus. Ynskjer du følgje gamle tradisjonar og byggestil som i nabolaget, kan vi varmt tilrå laftebygg reist av Trehuseksperten i Vågå. 

 

 

Velkomen på tomtevisning

Legg årets påsketur til Vågå og Kvarbergåsen!

Fjellbygda Vågå har masse å by på i påskeveka - og høgdepunktet kan fort bli tomtevisning på Kvarbergåsen laurdag 8. april 14:00 – 17:00.

Tomtekikken let seg ypperleg kombinere med skiturar i Jotunheimen, alpin moro på Lemonsjøen, overnatting på unike gardshotell i Vågå eller verdas beste bolle på Bakeriet i Lom. 

Og du: For at du skal bli godt kjend i ditt nye nabolag gir vi komplett Praxis Høgruta randonnéskipakke frå Besseggen Fjellsport til verdi 20.000,- (ski og bindingar, støvlar og stavar) til alle som kjøper tomt på Kvarbergåsen før 1.juli 2017 - så kan du feire med å gå herlege Høgruta gjennom Jotunheimen neste vår.

Fyll ut kontaktskjemaet , så held vi kontakta til du får lyst å ta turen til Vågå. 

Velkomen skal du vere. 

PS! Heile påska held Lemonsjøen Alpinsenter, leikelandet ved porten til Jotunheimen, og eiga vising for hytter på Noregs tak. Ta gjerne svippturen til fjells og opplev den herlege stemningen, dei råe skikøyrarane og  dei unikt beliggande hyttane med Jotunheimen som næraste nabo. 

  LIVSNYTAR OG VISINGSVERT:  Bonde, grunneigar og gründer Ola Kvarberg har verda som arena, Vågå som favoritt og kaffen klar for potensielt nye naboar på Kvarbergåsen. Velkomen på tomtevising og gardsvisitt palmehelga! 

LIVSNYTAR OG VISINGSVERT: Bonde, grunneigar og gründer Ola Kvarberg har verda som arena, Vågå som favoritt og kaffen klar for potensielt nye naboar på Kvarbergåsen. Velkomen på tomtevising og gardsvisitt palmehelga!