Høg på landet

 
Kvarbergsåsen_vinter_06.jpg
 

Smaken av det gode liv

På Kvarbergåsen i fjellbygda Vågå er du fri til å skape livet du draumer om. Saftige grønsaker i hagen, bær i skogen, småviltjakt frå dørhella eller solrike kveldar med panoramautsikt over Jotunheimen. På eventyrlege Kvarberg er moglegheitane uendelege og valet berre ditt. Her er nokre smakebitar frå det kompakte bygdelivet - innan ein radius på tre kilometer.

Foto: Kristoffer Thuestad

Foto: Kristoffer Thuestad

Småbrukar på prøve

På storgarden Kvarberg har folk og fe levd i tett samspel i hundrevis av år. Vil du ta del i den rike gardshistoria er du hjartleg velkomen til å ta i eit tak - og kjem du med eigne husdyr finn vi alltids stallplass til ein hest eller to. 

Foto: Adobe Stock

Foto: Adobe Stock

Grøne fingre

Har du grøne fingre eller sans for maten som kjem rett frå jord til bord? I Vågå finn du eit breitt utval lokalprodusert mat, og på Kvarbergåsen ligg alt til rette om du vil dyrke eigne grønsaker. Solgangen er lang, jorda og lufta er rein, og vertskapet på nabogarden Kvarberg legg gjerne til rette om du ønskjer å drive i litt større skala. Kanskje er det du som dreg i gang andelslandbruk i Vågå? 

 

Foto: Kristoffer Thuestad

Foto: Kristoffer Thuestad

Kjapp på avtrekkeren

Er du ikkje allereie skogens konge kan du fort komme til å få han på skuddhald i ditt nye nabolag.  I Nordherad trivst både småvilt og storvilt, og jaktterrenget spenner frå eventyrleg trollskog til storslagent høgfjell. Skitt jakt!

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-231.jpg

Kulturkrybba Nordherad

I solsida høgt over irrgrøne Vågåvatnet finn du smellvakre Nordherad i eit kulturlandskap så unikt at det er verna av staten. Kvart eit hus i denne grenda har utsikt innover Jotunheimen. Lev du med ein liten småbrukar i magen, er dette rette plassen å realisere draumen om det grøne skiftet. I Norherad, som i alle dei andre grendane i Vågå, finn du og eit grendahus og fantastisk terreng for fotturar, bærplukking og jakt. 

580619f3-fdcc-4eda-a0a5-52f04e2ac98f_org_medium.jpg

Vikingsølvet på Kvarberg

Storgarden Kvarberg er eit eventyr lenge før du går inn porten. Som ein liten landsby ligg dei to nabogardane der med eit 40-tal tømmerhus tett i tett bak den karakteristiske porten med dei kvitmåla utskjæringane.  Enno meir fantastisk er sølvskatten frå Kvarberg - som i dag er å finne på Maihaugen og i form av ei rekkje smykkereplikaer hos gullsmeder landet rundt. Velkomen som nabo til ei lys levande gardshistorie i stadig utvikling!

Blessom Vinter.jpg

God gamaldags vinter

Viss Vågå er ein kvit flekk på kartet for deg så har du heilt rett - her regjerer framleis Kong Vinter ei heil årstid til endes. I fjella rundt oss lokkar gjerne skiføret til mai - og supersjarmerande Lemonsjøen byr på framifrå moglegheitar for både bortover- og nedoverski. For at du skal få gjort deg kjend med ditt nye nabolag gir vi deg komplett randonnépakke til verdi 20.000,- (ski, støvlar og stavar) viss du kjøper tomt på Kvarberg før 1.juli 2017 

Foto: Heidi Lillebråten

Foto: Heidi Lillebråten

Din gode nabo Jotunheimen

Fjellheimen er Vågå, høgfjellet er bygda sin store leikeplass, møteplass og friområde. Frå dørstokken heime er heile gullrekka av nasjonalfjell innan rekkevidde for dagsturar, og på ein halvtime bak rattet når du fem nasjonalparkar. Den næraste og kjæraste er Jotunheimen - krydra med det unike alpinanlegget Lemonsjøen der skigleda bokstaveleg talt hoppar mot deg. 

Foto: Kristoffer Thuestad

Foto: Kristoffer Thuestad

Sjarmerande Vågåmo

I Vågåmo finn du innbydande kafear, sjarmerande nisjebutikkar med klede, sko, blomar, interiør og fjellutstyr med både kvalitet og særpreg, kolonial med lokal mat og brygg, og kjøtforretninga med best utval av vilt i landet. I vakre Vågåmo skyt nyetableringane opp med ein fart som garantert gjer bygdesenteret til ein ynda plass og i framtida.

Foto: Heidi Lillebråten

Foto: Heidi Lillebråten

Leikelandet Lemonsjøen

Ein kort biltur frå Kvarbergåsen ventar supertrivelege Lemonsjøen Alpinsenter - kjent for å fostre nokre av verdas fremste skiakrobatar og eit unikt inkluderande skimiljø. Her lærar ungane å stå alpint av sine heltar, medan oppkjørte skiløyper tek deg heilt inn til hjarta av Jotunheimen, til eventyrlege Heidalen, til matmekka Brimiland - eller til Kalven Seter der baristabudeia byr på fyrsteklasses cappuccino.

 

Valbjør - eit levande gardseventyr

Dei 13 freda tømmerhusa på historiske og høgst levande Valbjør gard ligg vakkert til øvst i Nordherad. Her stortrivst geiter og gjester i eit unikt kulturlandskap med ei fantastisk utsikt mot Jotunheimen. På Valbjør finn du aktiv gardsdrift, innhaldsrik gardsbutikk, eventyrleg turterreng, heimelaga mat og særs triveleg overnatting i freda tømmerhus. Betre nabo kan ingen ønskje seg!

Foto: Wonder Away

Foto: Wonder Away

Brød og sirkus

Over Vågå si nabobygd Lom heng lifleg duft av fersk gjærbakst frå steinovn året rundt. På sumarstid forvandlar rikskjendisen Bakeriet i Lom nabobygda til eit kaotisk sirkus, men bur du på Kvarbergåsen har du heile året tilgang til godbitane ein vakker køyretur heimefrå. Blir du hekta så får du kvar laurdag ferskvare frå same bakeri på sjarmerande Lugumstugu - to kilometer heimefrå. 

Foto: Boligpartner

Foto: Boligpartner

Bygg din eigen husdraum

Du skal leite særs lenge for å finne Kvarbergåsen sin make - med ein total tomtepris du knapt får garasjeplass for i byen. Med på tomtekjøpet får du vidt armslag, spektakulært utsyn og eit unikt nabolag, samstundes som du har stor fridom til å realisere nett den bustaden du har drøymd så lenge om. Kva ventar du på - velkomen på vising!

Kvarbergsåsen_vinter_07.jpg
 

Bygdeblogg

Les om dagleglivet til Sigurd Rønningen som nyleg flytta med familien til Vågå - og innsjå kor mykje moro du har i vente. 

Sult

Det var i den tid jeg gikk omkring og kjente abstinenser i småbarnsårene, denne forunderlige livsfasen ingen forlater uten å ha fått spor av den.

Dalen

Bjørnstjerne Bjørnson valgte seg april. Rolf Jacobsen ønsket seg mere fjell. Jeg har falt pladask for en hemmelig fjelldal.

Hvitt gull

Denne vinteren blir vi rike

Dyreriket

Bygdedyret er dødt. Lenge leve bygdedyra.

Sentrale strøk

Det gnistrer i hvitt, føttene kribler, det er tirsdag morgen og vi har tre unger og to jobber å sjonglere. Takk og lov for at vi bor så sentralt.

Bloggane har stått på trykk i UTEmagasinet.

Kvarbergsåsen_vinter_07.jpg
 

Nysgjerrig på dagleglivet i Vågå?

På nettsida www.vågåleve.no finn du masse spanande info om korleis det er å bu, arbeide og leve i Vågå. Same stad treff du åtte frelste bygdeoriginalar. Kanskje er ei av dei din nye nabo, kollega eller turkamerat?

Vag-a_5.jpg