Kva er byggekostnad i Vågå?

Dei byggtekniske krava er dei same i Vågå som i resten av landet. Men tomteprisene er låge og tomtene store, handverkarar lett tilgjengelege, effektive og til å stole på - og makan til panoramautsikt og eventyrleg nærmiljø som på Kvarberg skal du leite veldig lenge etter. 
 

Kan eg tinge nøkkelklart hus?

Vi samarbeider tett med ei handfull ferdighusprodusentar, men det er du sjølv som er byggherre. Vi sel tomter, og hjelp deg sjølvsagt med å få tak i gode fagfolk om du ynskjer det.