Panoramatomter og gardsovernatting i eventyrlege Vågå

Vakn opp i
eigen fjellheim

DJI_0827_utxt.jpg
 

Din draum - vår kvardag

Visst er det mogleg å hoppe av karusellen, til eit tilvære fylt med livskvalitet frå øvste hylle. På eventyråsen Kvarberg i fjellbygda Vågå, smellvakkert plassert midt mellom Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane, finn du unike arenaer til samvær med dei som verkeleg betyr noko for deg i ei levande, aktiv og framtidsretta bygd – omgitt av natur i den absolutte Noregstoppen.

Skulle ønskje eg vaks
opp på ein slik stad.
— Hedvig Wessel, skistjerne

Fire eventyrlege årstider lokkar deg over dørstokken, dine næraste naboar er haren, rådyret og storfuglen. Samstundes finn du rett ned bakken eit sjarmerande og kompakt bygdesentrum med nisjebutikkar, kvalitetskafear, aktive ungar og sambygdingar i triveleg prat. 

Ein kan faktisk bli lykkeleg av mindre.

 

 

 

DJI_0837.jpg
 

Kvardag på Kvarberg

Å slå rot på Kvarbergåsen og finne sin plass i fjellbygda Vågå er lett - av di så mange har gjordt det før dykk.

Her finn du raskt likesinna, og eit enormt aktivitetstilbod samla i eit levande sentrum gjer oppveksta trygg, aktiv og smått eventyrleg. Ved middagsbordet fortel ungane om geitekillingane dei har klappa, auren dei lurte på kroken – og har det brenntravelt med å kome seg ut att i akebakken eller den rå sykkelparken. Jau då, flatskjermar finns og i Vågå – men ute lokkar sjølve eventyret. Vi vågar veddemålet: Vågå er den mest aktive bygda i Noreg.

Høkkers Junior på Lemonsjøen. Foto: Vegar Vårdal

Høkkers Junior på Lemonsjøen. Foto: Vegar Vårdal

Fritidstilbod

Rett ned bakken frå Kvarbergåsen finn du Vågåmo - eit sjarmerande, innhaldsrikt og levande bygdesentrum med eit imponerande idrettstilbod, eventyrleg kulturskule, klatrevegg og buldrerom - og den råaste sykkelparken i landet. Tett på sentrum finn du fiskeelver, levande gardsbruk og ljosløyper - og rett til fjells sjølve sjølve prikken over skien: Tumleplassen Lemonsjøen med milevis av skiløyper, smørblid baristabudeie og landets trivelegaste alpinsenter med verdas dyktigaste frikøyrarar. 

Vågåmo Skule. Foto: Kristoffer Thuestad

Vågåmo Skule. Foto: Kristoffer Thuestad

Skular

I Vågåmo sentrum finn du heile skulegangen på eit brett: Nyrenovert barneskule med utruleg flott uteområde (og ishockeybane vinterstid), vegg i vegg med ungdomsskule med fulle årstrinn. I tillegg finn du barneskule på Lalm og vidaregåande skular i tre nabobygder. Skulane i Vågå er langt framme, og alle elevar får eigen PC fyrste skuledag. Vi vågar påstanden: I Vågå finn du det beste og mest varierte skuletilbodet i Bygde-Noreg!

 

Grindstugu barnehage. Foto: Kristoffer Thuestad

Grindstugu barnehage. Foto: Kristoffer Thuestad

Barnehagar

Barnehagane i Vågå er – bokstaveleg talt – i Noregstoppen. Her lev ungane aktive og spanande dagar i tett kontakt med levande husdyr, eventyrleg natur, rik kulturhistorie og ureist matkultur. Rett utanfor sentrum finn du herlege Tytingen natur- og gardsbarnehage, og naboen Trudelutten der kvardagen er eit eventyr av musikk og estetikk. Kompetansa hos dei barnehagetilsette er høg, engasjementet hos foreldra sterkt, og ja - sjølvsagt er ungane dine garanter plass. 

 

 

Draumer du om eit litt annleis liv?

Velkomen til fjellbygda

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-12.jpg
 

Gründerbygda

Her ved porten til Jotunheimen, øvst i Gudbrandsdalen og innst i oljeskuggen, treng du ikkje frykte nedskjæringer: I blomstrande Vågå er sysselsettinga høg – og moglegheitane er mange for den som fløtt hit med kompetanse og erfaring.

Reiselivsnæringa er i kraftig vekst, landbruket er innovativt, hanverksverksemdene mange og vil du vil starte opp for deg sjølv legg kommunen aktivt til rette. BETA - eit privat gründerkollektiv i kraftig vekst med kreativ spisskompetanse er på plass, og nybygd veksthus for oppstart av produksjonsverksemder er rett rundt hjørna. Som vi seier her i fjellbygda: Våg å satse!

Besseggen fjellsport. Foto: Kristoffer Thuestad

Besseggen fjellsport. Foto: Kristoffer Thuestad

Arbeid å finne

Vågå ligg sentralt i ein spanande og variert arbeidsmarkna med stor etterspurnad etter kompetanse. Blomstrande reiseliv, livskraftig landbruk, nisjebutikkar og ei mengd kvalitetsentreprenørar pregar Vågå. Nabobygda Lom er turistmetropol og regionsenteret Otta har stor handelsnæring. Hos oss er beslutningsvegane korte, aktørane få, handlekrafta stor og oppgåvene mange for den som vil og kan.

 

 

Bokhandelen Café. Foto: Kristoffer Thuestad

Bokhandelen Café. Foto: Kristoffer Thuestad

Alt på eitt fat

Ved foten av Kvarbergåsen finn du bygdesenteret Vågåmo. Her er livate kafear, spanande nisjebutikkar, dyktige handverkarar, unik kulturhistorie og vekstkraftig industri. Unn deg ei oppdagingsferd i Fjell-Noreg sitt mest sjarmerande og levande bygdesentrum, og kjenn på kjensla over å vere komen heim.

Vågåmo sentrum. Foto: Roar Strand

Vågåmo sentrum. Foto: Roar Strand

Kompakt kvardag

Når kvardagane er eit kappløp for å få henting, levering, husarbeid, handling, jobb, familiebesøk, fritidsaktiviteter, middagslaging, ekteskap og eigentid til å gå opp, gjeld det å ta smarte val. I Vågåmo ligg jobb, skule, barnehage, butikkar, helsetilbod og fritidsaktiviteter pakka i eit intimt sentrum. Ser ut som Skomakergata gjer det og. 

 

Kvarbergsåsen_vinter_07.jpg
 

Kvarbergåsen

Nabolaget

Kvarberg_04.jpg
Kvarberg_06.jpg
Kvarberg_03.jpg
Kvarberg_05.jpg
Kvarberg_01.jpg

Foto: Tone Bakken

 

Kva ønskjer du meir av i kvardagen? Tid? Samvær? Opplevingar?

Verdivalet

Foto- Kristoffer Mæle Thuestad-3 (1).jpg
 

Friluftsliv i verdsklasse

Du må slett ikkje vere ein fjellfant for å stortrives i Vågå, men du verda så stor sjansen er for at du blir det av å bu her! Med Jotunheimen, Dovrefjell og Rondane som næraste naboar er vi bortskjemte med friluftsliv i absolutt verdsklasse, fire fantastiske årstider og ja da: God gamaldags vinter.

Livskvalitet frå øvste hylle

I Vågå bur du midt i matfatet, servert av ei mengd lokale matprodusentar. Her vaknar du omgitt av nasjonale kulturskattar, med lys levande tradisjonar innan handverk, musikk og dans. Her er du ein del av folkeeventyret i bygda med flest verna tømmerhus og praktgardar i landet. I Vågå blir du høgt verdsett, fordi du er med å utvikle ei levande og framtidsretta bygd vidare - til glede for oss alle.

Foto: Besseggen fjellsport

Foto: Besseggen fjellsport

Tumleplassen

Vesle Vågå har eit enormt aktivitetstilbod - anten du vil ta del i organiserte fritidssysler eller trakke dine eigne spor i storslått natur. Her finn du raskt mange likesinna som entusiastisk inviar deg i bygdelivet sine mange små og store gleder. I sum gjer kombinasjoen av folk, fe og fjell Vågå til ei bygd der det er superartig å vekse opp, stimulerande å vere vaksen og godt å bli gamal. Gi draumen ei sjanse - du kjem til å spørre deg kvifor du ikkje såg lyset før.

Foto: Kristoffer Thuestad

Foto: Kristoffer Thuestad

Magneten

Då National Geographic skulle kåre verdas 20 beste fjellturar plasserte dei Besseggen på toppen. Med 70.000 fjellvandrarar årleg har verdsattraksjonen gitt lokalt reiseliv eit kraftig lyft – og nye tilbod og aktivitetar blomstrar. Andre reisande valfartar til Vågå for å oppleve matmekkaet Brimiland, dei unike nasjonalparkane – og akrobatikken til nokre av verdas råaste skiartistar i skavlane på supertrivelege Lemonsjøen alpinanlegg.

 

Skieldoradoet Lemonsjøen

20 minutt frå Kvarbergåsen ligg Lemonsjøen - leikelandet ved porten til Jotunheimen. Her finn du eit unikt løypenett med oppkjørte skispor som tek deg heilt inn i hjarta av Jotunheimen, ned i eventyrbygda Heidal, bort til matmekkaet Brimiland og nesten heilt heimatt til dalen. På Lemonsjøen finn du og kaffemekkaet Kalven Seter med baristabudeie, cappuccino og seterspa. Fjellstue med vidgjeten matservering og eit sjarmerande hytteområde med fire suverene årstider rett utanfor vindauga. Sjølve hjarta på Lemonsjøen er likevel alpinsenteret - vidgjetent for sin unike stemning, inkluderande miljø, og terrenget som har fostra nokre av verdas råaste frikøyrarar på ski. Lemonsjøen må rett og slett opplevast - anten du foretrekk å gå bortover, stå nedover eller ta baklengs salto på ski!

Foto: Kalven Seter

Foto: Kalven Seter

 
 
 

Kvarbergsåsen_vinter_07.jpg
 

Her kan du bygge draumen

 

Kaffen er klar, kom gjerne på visitt!

Nyfiken på eit anna tilvere?

Lysten på ein smak av bygdeeventyret?

Klar for eit verdival med garantert høg avkastning?

Kvarbergåsen kallar, kom gjerne på visitt anten du vil leige husvere for ferien eller kjøpe boligtomt for livet!